17. november 2010

-VEGLEIARTUR LANGT MOT VEST-

Ein vegleiar frå B3 Friluftsliv, to studentar frå B2 Friluftsliv og tre studentar frå B1 Idrett med friluftsliv som valfag. Tre dagar i eit nydeleg område heilt vest i Noreg, ein lavo og høg sjokoladefaktor. Dette må berre bli bra!

Etter å ha sete i bilen i vel tre timar skimtar vi det opne havet framfor oss. Det er noko mektig ved synet av ope hav. Det er liksom som om det er det uendelege som ligg der. Også øya Selja ligg framfor oss. Der finn vi i dag ruinene av Selje kloster, som vart reist under Sigurd Jorsalfares tid. På øya søkte også den irske kongsdottera Sunniva ly, og ho blir i dag omtala som Sankt Sunniva. Men det er ikkje ut mot havet vi skal. Vi søkjer oss heller opp mot fjella. Nærare bestemt skal vi gå frå garden Berstad og eit par kilometer opp til eit godt fiskevatn.  Men før vi byrjar å traske, skal vi få ei innføring i flogefiske. Nokon av oss har prøvd dette før, medan for andre blir det eit første møte med stonga.  Heldigvis står vi på ein grasplen og vinden er ikkje så altfor aggressiv denne dagen, så det blir eit blidt møte for oss alle, sjølv om det for enkelte visst treng ein god del trening på teknikken før ein kan kalla seg ein erfaren flogefiskar…Men vi fekk kjennskap til flogefiske, og nådde dermed eit av måla for turen. Måla som var sett opp var:

- Få kjennskap til flugefisking.
- Auke orienteringskompetansen.
- Auke kunnskapen i forhold til tradisjonelt friluftsliv , fisking og sanking.
- Auke kunnskapen til den lokale bygdekulturhistorien.

Etter ein liten halvtime med trasking oppover lia, er vi faktisk framme. Sidan dette er ein vegleiartur, er det seks studentar frå ulike årstrinn og med svært ulik turerfaring som er på tur. Nokon av oss kjenner kvarandre, medan andre kjenner ingen frå før av. Men vi får fort erfare at vi var svært heldig med gruppa. Praten går lett og vi tullar og tøysar med kvarandre. Akkurat slik det skal vera når ein er på tur!  Når leiren er etablert, tek vi turen opp til ruinane av den gamle garden Dyrstad, der det på 1600-talet budde over eit titals personar. Garden er bygga på ein plass som for oss ser heilt meiningslaus ut å byggja på, då den ligg på eit ope område i fjellsida, med høge, bratte, skredutsett fjellsider på oversida. Men det har altså budd folk her. Ufatteleg!


Kvelden blir tilbragt framfor bålet med god mat og gode historiar. Stjernene blenkjer på den klare hausthimmelen og månen speglar seg i det klare fjellvatnet. Turlivet er fint!
Når vi vaknar utpå føremiddagen neste dag, kjenner vi at lufta er blitt litt fuktigare enn den var dagen før. Etter ein betre frukost med egg og bacon, ryddar vi leiren og set kursen mot eit nytt vatn litt lenger oppe i dalen. Vi tek oss god tid oppover, men likevel er det ikkje lange tida vi brukar oppover lia. Men så er vi også på vegleiartur, og eit av fokusa med turen er at alle skal koma heim att med positive opplevingar, gode minner og meirsmak på å vera ute i naturen. Når vi kjem opp til vatnet silar regnet ned, og rundt vatnet visar det seg å vera mest våt myr. Skal vi slå opp lavoen her og risikera ei våt og kjølig natt, eller skal vi trekkja ned att til det vatnet vi var ved den førre natta? Det er litt ulike ønskjer i gruppa, men tilslutt tek vegleiaren ei sjefsslutning og vi set kursen tilbake same vegen som vi kom frå. Den sluttinga var alle glade for då vi seinare på kvelden låg i lavoen og hørte at regndråpane dunka mot lavoduken. Men før vi la oss i posane våre, hadde vi ete god mat og kosa oss framfor eit varmt og godt bål. Historiar, ein liten leik og nyfiska aure hadde også vore ein del av kvelden, og med eit svært bra turfølgje merka vi lite til det litt sure været.

Fisking er gøy!
Neste morgon ligg vi ikkje å drar oss like lenge som vi gjorde dagen før, sjølv om det er freistandes. Etter frukost pakkar vi sekkane og ryddar leiren, før vi set kursen mot Berstad. Vel nede på Berstad, får vi eit lite foredrag om det området vi har vore i og om området rundt Selje. Det er ordføraren i Selje som held dette foredraget for oss i ”gamlahuset” på garden. Det er interessant å høyra om, og er i tillegg ein veldig fin avslutning på ein svært bra tur før vi set oss i bilane og set kursen tilbake til saftbygda lenger sør i fylket.

Dette var ein kjekk tur, med ei god blandig av mykje artig. Det var veldig kult at vegleiaren hadde lagt turen til Selje. På førehand var eg litt skeptisk til dette, i og med at det var ein køyretur på omlag tre timar kvar veg. Men etter turen var det veldig verdt det, då dette gjorde til at turen vart spesiell og anleis. Også fokuset på bygdekulturen og historia rundt området, var svært interessant. Måla som vart sett for turen vart nådd, sjølv om det kanskje kunne ha vore litt meir fokus på orientering, spesielt med tanke på B1-elevane. Men vi fekk ei innføring i det mest grunnleggjande, så det var i grunn greitt. 

Takk for turen!




-BREKURS I JOSTEDALEN-

Fem dagar på ulike brearmar i Jostedalen fører til mykje læring og endå meir moro.  

På denne turen budde vi i hytter på Jostedalen camping, der vi hadde tilgong til både kjøkken, dusj og toalett. I tillegg låg butikken berre eit steinkast unna og ein kan vel seie at dette blei ei veke der vi fråtsa litt meir enn vanleg. 

Været var vi svært heldige med, då det nesten utan unntak, aldri regna før dagen var over. Til og med sola sneik seg fram innimellom. Og det var ikkje heilt etter værmeldingane. Snakk om godværsklasse!

I løpet av dei fem dagane gjekk vi gjennom ganske mange ulike element innanfor brevandring og brelære /glasiologi. Måla for turen var: 
  • Gi en innføring i brevandring.
  • Taulagsvandring og vandring i brefall.
  • Bevegelsesteknikk og bruk av isøks og stegjern.
  • Kjennskap til metoder for redning fra sprekk på blåis eller snødekt bre.
  • Etter endt undervisning bør studentene være i stand til å gå på enklere breer i Norge sammen med andre med tilsvarende bakgrunn.  
Stegjernsteknikk, taulagsrutiner, knuter, kameratredning og ulike isformasjonar er berre noko av elementa vi er innom. Det var på Nigardsbreen mesteparten av undervisninga gjekk føre seg, men vi fekk også ein turdag på Tuftebreen.
Dei fem dagane er ein del av det NF-godkjende brekurset vi skal ta i løpet av året. Seinare på vinteren/våren skal vi ta for oss element som redning på snø, snøbakketeknikk og vandring på snødekt bre.

Etter mi meining vart måla for turen nådd. Vi fekk ei innføring i brevandring, både praktisk og teoretisk. "Historietimen" den første kvelden syns eg var veldig interessant og spennande.
Stegjernsteknikk og taulagsvandring fekk vi øvd ein heil del på, då vi naturleg nok gjekk med stegjern heile tida medan vi var på isen, og så godt som alltid var innbunde i taulaget. Så eg føler at det mest grunnleggjande sitt att. 

7. november 2010

-FRÅ FJORD TIL FJELL-

Himmelen var skyfri og sola spegla seg i den blågrøne fjorden. På bussholdeplassen stod 18 forventningsfulle elevar med store ryggsekkar. Allereie før avgang vart langbukser og ullgenserar byta ut med shorts og t-skjorte. Kartet var studert, og fem seinsommar dagar i høgfjellet låg framfor dei. 

Den første dagen gjekk vi frå Grinde, som ligg litt vest for Leikanger, og opp til Nyastølen.  På vegen var vi innom garden til Lars Grinde, der vi fekk ein innføring i styving. Før i tida var det vanleg med styvingstre rundt om på gardane på Vestlandet. I dag er det ikkje så mange som framleis driv med dette, men der dette framleis blir praktisert, er det eit kjærkome innslag i kulturlandskapet. Vanlege tresortar som blir brukt til styving er ask, alm og selje. Sjå desse linkane for meir fakta om styving: Styvingstre og Skjøtsel av styvingstre (27.10.10). Me fekk læra oss korleis ein styver, og fekk prøva oss på å laga ein bunt. Vi tok oss god tid oppover mot Nyastølen, og hadde fleire stopp der vi såg på ulike planter og plukka også med oss litt ymse artar. Ved Nyastølen slo vi leir for natta.


Dagen etter vakna vi til regn og tjukk skodde. Dette var eit supert læringsvær, spesielt når det gjaldt orientering.  Ferda fortsette oppover på fjellet, og planter var framleis temaet.  Det høgaste punktet på 1112 m.o.h vart passert, før vi fortsette nedover mot Friksdalen og vidare mot neste leirplass, som finurleg nok også heitte Nyastølen. Her slo vi opp telta våre, og tilbragte kvelden framfor det sprakande leirbålet.

Neste dag vakna vi til eit litt betre vær enn det som hadde vore dagen før. Himmelen var ikkje heilt skyfri, men det var opplett og antydning til sprekk i skydekket, så dette lova bra. Første del av dagen hadde vi planteundervisning  saman med Anders og Odd Lennart. Vi samarbeida i gruppene om å finne ulike planter og avslutta økta med ein plantequiz!

Brua var vekk!
No var tida komen for å splitte klassen. Teltlaga skulle no halde fram på eiga hand, så lærarane takka for turen og traska nedover mot sivilisasjonen. Mi gruppe pakka sekkane og la kursen mot Fjærlandssetevatnet, der vi slo leir for natta. Sola skinte no frå skyfri himmel og september viste seg frå si beste side.  På vår veg mot Fjærlandssetevatnet valde vi å leggje ruta om lag 3 kilometer nedover elva, der det var merka på kartet at det skulle vera ei bru, for så å gå om lag 2 kilometer opp att på andre sida av elva. Dette for å unngå å måtte vasse over elva.  Men  då vi kom til staden der brua skulle ha vore, så viste det seg at brua ikkje var der! Den var under restaurering, og det som møtte oss var berre ei diger gravemaskin ved elvebredden. Så enden på visa blei at vi måtte av med sko og brette buksa langt oppover låra, før vi vassa over elva. Men i det strålande været, vart dette berre ei oppleving som gjorde at turen blei litt meir minnerik!

...Ved idylliske Fjærlandssetevatnet...
Ved det idylliske Fjærlandssetevatnet var det fleire av gruppene som slo leir, og det vart ein koseleg kveld framfor bålet, saman med nokon av dei andre gruppene. Frostrøyken låg over vatnet og stjernene blinka i kapp med kvarandre, medan vi høyrde på lyden av studiepoenga som tikka inn…
Ei litt lenger etappe venta oss denne dagen. Sola skein som ei appelsin på himmelen, og stillongsen vart fort bytta ut med shortsen. Vi tok oss god tid, og hadde lange, deilige pausar. Lunchen inntok vi ved Lereimsstølane, etter ei litt vel lang ”sikk-sakk-etappe” i den tette fjellbjørkeskogen. På toppen av Slakkafjellet møtte vi att dei andre gruppene, samtidig som vi velfortent naut den storslåtte utsikta. Langt der framme i skogen  såg vi Stedjeåsen, og vi ante vel kanskje at vi kom til å slå leir litt før vi nådde fram der. Så då to av dei andre gruppene slo leir ved , gjorde også vi det.

Den avgjersla angra vi ikkje på, då vi neste dag brøyta oss gjennom tett skog  og vi ramla nedover bratte skråningar, før vi endeleg kom fram til Stedjeåsen. No var det berre sjarmøretappa att, og den gjekk knirkefritt!  Fem flotte og lærerike dagar var no over!

Ruta vi gjekk frå Grinde til Stedjeåsen
LITT OM DET FAGLEGE OPPLEGGET PÅ TUREN

Før turen fekk kvart teltlag i oppgåve å laga ein turplan. Ein god turplan bør innehalde ein plan A, plan B og ein kriseplan. I tillegg bør ein ha med mål for turen, innhald, vurdering, metode, rammefaktorar og forutsetningar for både elev og lærar. Med andre ord så bør den innehalde den den didaktiske relasjonsmodellen (27.10.10). På førehand hadde det blitt gitt lite informasjon om korleis ein turplan bør byggjast opp, så planane var litt mangelfulle på enkelte område. Dette vart teke opp med faglærar under midtvegsevalueringa på turen. 

Mål for turen: 


  • Basisfriluftsliv med vekt på ferdsel i høgfjellet, vandring, leirslaging,   bekledning, telt, pakking av sekk og anna. 
  • Innføring i orientering og vegval i høgfjellet.
  • Fjellflora og naturkjennskap generelt for friluftslivsvegleiarar.


Eg synest at dei fleste av desse måla vart oppnådd. Eg hadde på førehand ein god del erfaring kring basisfriluftsliv og det å vera på tur, så følte ikkje at det først og fremst var der eg lærte mest nytt, men på ei
anna side så gjorde eg meg nye erfaring, og lærte jo av det. 
Der eg følte at eg lærte mest, var på fjellflora og naturkjennskapsdelen. Anders Wollan var ein svært dyktig undervisar, då han viste eit ekte engasjement for planter, og spesielt sopp. Dette trur eg smitta over på oss studentar, og eg lærte meg hvertfall ein god del om plantar og sopp i løpet i av turen. Vi lærte om planter i fleire ulike vegetasjonssoner, då turen gjekk i skogen, i fjellbjørkeskog og i lågalpin sone. Lågalpin sone er den sonen som er rett over fjellbjørkeskogen. Her finn ein til dømes vier, dvergbjørk og blåbær (Kristoffersen, 2007; Det blomstrende fjellet). 


Målet som omhandla orientering og vegval, følte eg at eg fekk best gjennomført på eigenferden, altså etter at teltlaga hadde splitta opp. Læringsutbytte blir ofte betre når ein arbeider i mindre grupper, og når det gjeld orientering så føler eg at det er lettare å engasjere seg og ta intiativ når det ikkje er så mange. Ein tørr kanskje å prøve og feile meir når det ikkje er så mange andre i gruppa. Vi planla og diskuterte ruta vår innad i gruppa. Av og til var vi ueinige, men som oftast vart vi fort einige. Vi erfarte også at det av og til kanskje hadde lurare og mindre tidkrevjande å velje ein annan veg enn den vi endte opp med. Men ingen sure miner av den grunn, dette gav oss berre ekstra mykje læring, og er det ikkje "feila" ein lærer mest av?!