7. november 2010

-FRÅ FJORD TIL FJELL-

Himmelen var skyfri og sola spegla seg i den blågrøne fjorden. På bussholdeplassen stod 18 forventningsfulle elevar med store ryggsekkar. Allereie før avgang vart langbukser og ullgenserar byta ut med shorts og t-skjorte. Kartet var studert, og fem seinsommar dagar i høgfjellet låg framfor dei. 

Den første dagen gjekk vi frå Grinde, som ligg litt vest for Leikanger, og opp til Nyastølen.  På vegen var vi innom garden til Lars Grinde, der vi fekk ein innføring i styving. Før i tida var det vanleg med styvingstre rundt om på gardane på Vestlandet. I dag er det ikkje så mange som framleis driv med dette, men der dette framleis blir praktisert, er det eit kjærkome innslag i kulturlandskapet. Vanlege tresortar som blir brukt til styving er ask, alm og selje. Sjå desse linkane for meir fakta om styving: Styvingstre og Skjøtsel av styvingstre (27.10.10). Me fekk læra oss korleis ein styver, og fekk prøva oss på å laga ein bunt. Vi tok oss god tid oppover mot Nyastølen, og hadde fleire stopp der vi såg på ulike planter og plukka også med oss litt ymse artar. Ved Nyastølen slo vi leir for natta.


Dagen etter vakna vi til regn og tjukk skodde. Dette var eit supert læringsvær, spesielt når det gjaldt orientering.  Ferda fortsette oppover på fjellet, og planter var framleis temaet.  Det høgaste punktet på 1112 m.o.h vart passert, før vi fortsette nedover mot Friksdalen og vidare mot neste leirplass, som finurleg nok også heitte Nyastølen. Her slo vi opp telta våre, og tilbragte kvelden framfor det sprakande leirbålet.

Neste dag vakna vi til eit litt betre vær enn det som hadde vore dagen før. Himmelen var ikkje heilt skyfri, men det var opplett og antydning til sprekk i skydekket, så dette lova bra. Første del av dagen hadde vi planteundervisning  saman med Anders og Odd Lennart. Vi samarbeida i gruppene om å finne ulike planter og avslutta økta med ein plantequiz!

Brua var vekk!
No var tida komen for å splitte klassen. Teltlaga skulle no halde fram på eiga hand, så lærarane takka for turen og traska nedover mot sivilisasjonen. Mi gruppe pakka sekkane og la kursen mot Fjærlandssetevatnet, der vi slo leir for natta. Sola skinte no frå skyfri himmel og september viste seg frå si beste side.  På vår veg mot Fjærlandssetevatnet valde vi å leggje ruta om lag 3 kilometer nedover elva, der det var merka på kartet at det skulle vera ei bru, for så å gå om lag 2 kilometer opp att på andre sida av elva. Dette for å unngå å måtte vasse over elva.  Men  då vi kom til staden der brua skulle ha vore, så viste det seg at brua ikkje var der! Den var under restaurering, og det som møtte oss var berre ei diger gravemaskin ved elvebredden. Så enden på visa blei at vi måtte av med sko og brette buksa langt oppover låra, før vi vassa over elva. Men i det strålande været, vart dette berre ei oppleving som gjorde at turen blei litt meir minnerik!

...Ved idylliske Fjærlandssetevatnet...
Ved det idylliske Fjærlandssetevatnet var det fleire av gruppene som slo leir, og det vart ein koseleg kveld framfor bålet, saman med nokon av dei andre gruppene. Frostrøyken låg over vatnet og stjernene blinka i kapp med kvarandre, medan vi høyrde på lyden av studiepoenga som tikka inn…
Ei litt lenger etappe venta oss denne dagen. Sola skein som ei appelsin på himmelen, og stillongsen vart fort bytta ut med shortsen. Vi tok oss god tid, og hadde lange, deilige pausar. Lunchen inntok vi ved Lereimsstølane, etter ei litt vel lang ”sikk-sakk-etappe” i den tette fjellbjørkeskogen. På toppen av Slakkafjellet møtte vi att dei andre gruppene, samtidig som vi velfortent naut den storslåtte utsikta. Langt der framme i skogen  såg vi Stedjeåsen, og vi ante vel kanskje at vi kom til å slå leir litt før vi nådde fram der. Så då to av dei andre gruppene slo leir ved , gjorde også vi det.

Den avgjersla angra vi ikkje på, då vi neste dag brøyta oss gjennom tett skog  og vi ramla nedover bratte skråningar, før vi endeleg kom fram til Stedjeåsen. No var det berre sjarmøretappa att, og den gjekk knirkefritt!  Fem flotte og lærerike dagar var no over!

Ruta vi gjekk frå Grinde til Stedjeåsen
LITT OM DET FAGLEGE OPPLEGGET PÅ TUREN

Før turen fekk kvart teltlag i oppgåve å laga ein turplan. Ein god turplan bør innehalde ein plan A, plan B og ein kriseplan. I tillegg bør ein ha med mål for turen, innhald, vurdering, metode, rammefaktorar og forutsetningar for både elev og lærar. Med andre ord så bør den innehalde den den didaktiske relasjonsmodellen (27.10.10). På førehand hadde det blitt gitt lite informasjon om korleis ein turplan bør byggjast opp, så planane var litt mangelfulle på enkelte område. Dette vart teke opp med faglærar under midtvegsevalueringa på turen. 

Mål for turen: 


  • Basisfriluftsliv med vekt på ferdsel i høgfjellet, vandring, leirslaging,   bekledning, telt, pakking av sekk og anna. 
  • Innføring i orientering og vegval i høgfjellet.
  • Fjellflora og naturkjennskap generelt for friluftslivsvegleiarar.


Eg synest at dei fleste av desse måla vart oppnådd. Eg hadde på førehand ein god del erfaring kring basisfriluftsliv og det å vera på tur, så følte ikkje at det først og fremst var der eg lærte mest nytt, men på ei
anna side så gjorde eg meg nye erfaring, og lærte jo av det. 
Der eg følte at eg lærte mest, var på fjellflora og naturkjennskapsdelen. Anders Wollan var ein svært dyktig undervisar, då han viste eit ekte engasjement for planter, og spesielt sopp. Dette trur eg smitta over på oss studentar, og eg lærte meg hvertfall ein god del om plantar og sopp i løpet i av turen. Vi lærte om planter i fleire ulike vegetasjonssoner, då turen gjekk i skogen, i fjellbjørkeskog og i lågalpin sone. Lågalpin sone er den sonen som er rett over fjellbjørkeskogen. Her finn ein til dømes vier, dvergbjørk og blåbær (Kristoffersen, 2007; Det blomstrende fjellet). 


Målet som omhandla orientering og vegval, følte eg at eg fekk best gjennomført på eigenferden, altså etter at teltlaga hadde splitta opp. Læringsutbytte blir ofte betre når ein arbeider i mindre grupper, og når det gjeld orientering så føler eg at det er lettare å engasjere seg og ta intiativ når det ikkje er så mange. Ein tørr kanskje å prøve og feile meir når det ikkje er så mange andre i gruppa. Vi planla og diskuterte ruta vår innad i gruppa. Av og til var vi ueinige, men som oftast vart vi fort einige. Vi erfarte også at det av og til kanskje hadde lurare og mindre tidkrevjande å velje ein annan veg enn den vi endte opp med. Men ingen sure miner av den grunn, dette gav oss berre ekstra mykje læring, og er det ikkje "feila" ein lærer mest av?! 

2 kommentarer:

  1. Et interessant innlegg om styving! Men jeg har et spørsmål i så måte: Er dette det samme som lauvving? Mener å huske Lars Grinde selv kalte det dette? Ellers en meget flott tur i nydelige omgivelser. Gode bilder som illustrerer både det faglige på turen og de flotte naturopplevelsene vi hadde!

    SvarSlett
  2. Takk for fin kommentar! Veldig hyggjeleg med ros =)
    Så til ditt spørsmål: Ja, styving er det same som lauving. Styving er eit uttrykk som mellom anna blir brukt på Voss, og det var dette uttrykket min gamle styvingslærar brukte, då vi utførte det som du kallar lauving. Og derfor har eg valgt å formulera meg på denne måten.

    SvarSlett