17. november 2010

-VEGLEIARTUR LANGT MOT VEST-

Ein vegleiar frå B3 Friluftsliv, to studentar frå B2 Friluftsliv og tre studentar frå B1 Idrett med friluftsliv som valfag. Tre dagar i eit nydeleg område heilt vest i Noreg, ein lavo og høg sjokoladefaktor. Dette må berre bli bra!

Etter å ha sete i bilen i vel tre timar skimtar vi det opne havet framfor oss. Det er noko mektig ved synet av ope hav. Det er liksom som om det er det uendelege som ligg der. Også øya Selja ligg framfor oss. Der finn vi i dag ruinene av Selje kloster, som vart reist under Sigurd Jorsalfares tid. På øya søkte også den irske kongsdottera Sunniva ly, og ho blir i dag omtala som Sankt Sunniva. Men det er ikkje ut mot havet vi skal. Vi søkjer oss heller opp mot fjella. Nærare bestemt skal vi gå frå garden Berstad og eit par kilometer opp til eit godt fiskevatn.  Men før vi byrjar å traske, skal vi få ei innføring i flogefiske. Nokon av oss har prøvd dette før, medan for andre blir det eit første møte med stonga.  Heldigvis står vi på ein grasplen og vinden er ikkje så altfor aggressiv denne dagen, så det blir eit blidt møte for oss alle, sjølv om det for enkelte visst treng ein god del trening på teknikken før ein kan kalla seg ein erfaren flogefiskar…Men vi fekk kjennskap til flogefiske, og nådde dermed eit av måla for turen. Måla som var sett opp var:

- Få kjennskap til flugefisking.
- Auke orienteringskompetansen.
- Auke kunnskapen i forhold til tradisjonelt friluftsliv , fisking og sanking.
- Auke kunnskapen til den lokale bygdekulturhistorien.

Etter ein liten halvtime med trasking oppover lia, er vi faktisk framme. Sidan dette er ein vegleiartur, er det seks studentar frå ulike årstrinn og med svært ulik turerfaring som er på tur. Nokon av oss kjenner kvarandre, medan andre kjenner ingen frå før av. Men vi får fort erfare at vi var svært heldig med gruppa. Praten går lett og vi tullar og tøysar med kvarandre. Akkurat slik det skal vera når ein er på tur!  Når leiren er etablert, tek vi turen opp til ruinane av den gamle garden Dyrstad, der det på 1600-talet budde over eit titals personar. Garden er bygga på ein plass som for oss ser heilt meiningslaus ut å byggja på, då den ligg på eit ope område i fjellsida, med høge, bratte, skredutsett fjellsider på oversida. Men det har altså budd folk her. Ufatteleg!


Kvelden blir tilbragt framfor bålet med god mat og gode historiar. Stjernene blenkjer på den klare hausthimmelen og månen speglar seg i det klare fjellvatnet. Turlivet er fint!
Når vi vaknar utpå føremiddagen neste dag, kjenner vi at lufta er blitt litt fuktigare enn den var dagen før. Etter ein betre frukost med egg og bacon, ryddar vi leiren og set kursen mot eit nytt vatn litt lenger oppe i dalen. Vi tek oss god tid oppover, men likevel er det ikkje lange tida vi brukar oppover lia. Men så er vi også på vegleiartur, og eit av fokusa med turen er at alle skal koma heim att med positive opplevingar, gode minner og meirsmak på å vera ute i naturen. Når vi kjem opp til vatnet silar regnet ned, og rundt vatnet visar det seg å vera mest våt myr. Skal vi slå opp lavoen her og risikera ei våt og kjølig natt, eller skal vi trekkja ned att til det vatnet vi var ved den førre natta? Det er litt ulike ønskjer i gruppa, men tilslutt tek vegleiaren ei sjefsslutning og vi set kursen tilbake same vegen som vi kom frå. Den sluttinga var alle glade for då vi seinare på kvelden låg i lavoen og hørte at regndråpane dunka mot lavoduken. Men før vi la oss i posane våre, hadde vi ete god mat og kosa oss framfor eit varmt og godt bål. Historiar, ein liten leik og nyfiska aure hadde også vore ein del av kvelden, og med eit svært bra turfølgje merka vi lite til det litt sure været.

Fisking er gøy!
Neste morgon ligg vi ikkje å drar oss like lenge som vi gjorde dagen før, sjølv om det er freistandes. Etter frukost pakkar vi sekkane og ryddar leiren, før vi set kursen mot Berstad. Vel nede på Berstad, får vi eit lite foredrag om det området vi har vore i og om området rundt Selje. Det er ordføraren i Selje som held dette foredraget for oss i ”gamlahuset” på garden. Det er interessant å høyra om, og er i tillegg ein veldig fin avslutning på ein svært bra tur før vi set oss i bilane og set kursen tilbake til saftbygda lenger sør i fylket.

Dette var ein kjekk tur, med ei god blandig av mykje artig. Det var veldig kult at vegleiaren hadde lagt turen til Selje. På førehand var eg litt skeptisk til dette, i og med at det var ein køyretur på omlag tre timar kvar veg. Men etter turen var det veldig verdt det, då dette gjorde til at turen vart spesiell og anleis. Også fokuset på bygdekulturen og historia rundt området, var svært interessant. Måla som vart sett for turen vart nådd, sjølv om det kanskje kunne ha vore litt meir fokus på orientering, spesielt med tanke på B1-elevane. Men vi fekk ei innføring i det mest grunnleggjande, så det var i grunn greitt. 

Takk for turen!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar