13. november 2011

VEGLEIARTUR

No var turen endeleg kome til at vi skulle få prøve oss på vegleiarrolla. Eg og Mads fekk med oss sju knakandes greie B1 og B2 elevar, som saman med eit strålande haustvær, gjorden turen veldig flott! Vi valgte å leggje turen Breidesetevatnet, og valgte å ha basecam der, med dagstur til Store Haugmelen (1172 m.o.h).

Rolla som vegleiar er ei rolla som byr på mykje variasjon og utfordringar. Som vegleiar må ein heile tida tilpasse seg situasjonen og ein har mange ulike roller samstundes. Ein vegleiar må vera stades både før, under og etter turen. Før turen må ein planleggje; Kven skal vera med? Kvar skal ein? Kortid? Kvifor? Korleis? Det er med andre mange faktorar ein må ta omsyn til i planleggjingsfasen.
Undervegs er det også mange faktorar ein må ta omsyn til og ein må her sjå an kvar enkelt situasjon og finne ut korleis ein på best mogleg måte kan takle den.
Etter turen er det tid for evaluering. Dette kan hjelpa deltakarane og vegleiar til å reflektere over dei valga som har blitt gjort, og å finna ut om turen kunne vore organisert annleis.

Priest & Gass (2005) skriv at det finst sju ulike læringsmodellar ein vegleiar kan jobbe etter. Desse sju modellane handlar om korleis ein i ulike situasjonar skal ta styringa som vegleiar. Er det til dømes fleire ugunstige faktorar inne i bilete, som dårleg vær, knapt med tid og slitne deltakarar, må ein som vegleiar gjerne velgje ein diktert stil, der vegleiar har full styring i alle dei tre fasane. Er det derimot gode føresetnader, så kan ein velgje ein stil der deltakarane får meir ansvar. Det mest vanlege er nok å bruka ein delt stil, då ein sjeldan berre brukar ein spesifikk stil under heile turopplegget. Det handlar altså om situasjonsbestemt leiarstil.

Min erfaring frå turen er at ein heile tida må tilpasse seg undervegs. Vi ante ikkje kor mykje friluftserfaring studentane hadde, og hadde lagt lista ganske lågt. Då det viste seg at studentane var ganske erfarne, valgte vi å for det meste ha ein ganske abdokratisk leiarstil. Vi lot studentane få mykje ansvar, medan vi holdt oss litt i bakgrunnen og greip inn der vi følte det trong.

Kjelder:

Priest, S. & Gass, M.(2005) Effective Leadership in Adventure Program.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar