13. november 2011

KLATRETUR TIL FRANKRIKE

Ost, vin og varm kalkstein. Dette er nokre av stikkorda som kan gjennspegle den fantastiske turen til Frankrike i midten av oktober. Heile klassen reiste nedover til den franske rivieraen, og derifrå gjekk ferden til Provence og til landsbyane Correns og Chateauvert. Klatring, naturbasert turisme og mykje sosial hygge stod i fokus på denne fantastiske turen!

Sidan 1980- og 1990-talet har norske klatreentusiastar valfarta til Frankrike. Det er ikkje utan grunn at dette landet har blitt eit populært reisemål. Dei har Eiffeltårnet, ein solfylt riviera, billig vin og kalkstein. Den klassiske klatreoppdraginga har vore knytt til granitt, gneis og skikkeleg fjell. Med kalkstein er det noko heilt anna. Strukturane i fjellveggen inviterer til klatring utanom dei naturlege sikringslinjene, og det er tak over alt (Grimeland, 2004).

I Frankrike er dei aller, aller fleste klatreveggane tilrettelagt med boreboltar. Mange timar med iherdig dugnadsinnsats ligg bak. Heilt sidan Arne Næss sr., etter ein studietur til Austerrike i 1936, innførte bolteklatringa i Noreg, har ein her til lands alltid hatt ei svært konservativ haldning til boreboltar. Clean climbing har vore idealet her sidan 1970-talet. Det skal vera klatring med naturlege sikringar, som til dømes med kiler. Utstyret skal vera lett og det skal vera reinsleg. I Frankrike er dei mykje, mykje meir liberale. Der har den akrobatiske utfoldinga vore viktigare enn etikk og tradisjonsbunde tryggleikstenking. Bruk av boltar fører til at den akrobatiske utfoldinga blir friare når farane blir opplevd som små.

I Noreg har ein andre kulturelle føresetnader, og ikkje minst andre bergartar, Men likevel har impulsar frå Frankrike vore med på å prege utviklinga av klatresporten i Noreg dei siste 20 åra. Kvantifisering og fokuset på graderingar kom for alvor. Utviklinga gjekk fort, nokon meiner kanskje den gjekk for fort. Nordmenn har prøvd å kopiera franskmenn og deira tilnærming til sporten.Tilnærming til klatring på kalkstein, til rørslemønsteret, til etikken og til språket. Noreg skulle på ein måte hevast til fransk standard. Men det kanskje noko gløymde var at i Noreg så har ein ikkje kalkstein, mormålet er ikkje fransk og tilnærminga til fjellet er ein annan (Grimeland, 2004).

Kjelder: 
Grimeland, G.2004. En historie om klatring i Norge 1900-2000. Fagbokforlaget

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar