18. september 2011

NATURBASERT TURISMETUR I NÆRØYFJORDEN

No var det klart for å ro gamle sognafæringar frå Undredal til Gudvangen. Dette var ein tur eg hadde gledd meg til, sidan dette er eit område eg kjenner ganske godt. Vi brukte to dagar på turen, og overnatta i den gamle skulestova i Dyrdal. I Undredal fekk vi eit foredrag om osten dei produsera, samt om korleis dei tenker i høve til turistmarknaden. I Gudvangen besøkte vi vikingmarknaden, der vi fekk prøve oss på eit spel som heiter knattleik!


Eit av måla for turen var å gjennomføre studenttema med tema turisme, naturbasert turisme og økoturisme. Eg var ein av to som presenterte tema på turen, og derfor vil eg presentere eit utdrag frå det her. Temaet mitt var naturbasert turismeprodukt. 

Naturbaserte ferieopplevingar består av fem hovudelement. Attraksjon, miljø, fasilitetar og tenester, image, framkommelegheit og pris. På destinasjonen må det totale naturbaserte turismeproduktet omfatta ulike typar natur- og kulturbaserte attraksjonar, då det viser seg at naturbaserte turistar også er interessert i kulturbaserte attraksjonar. Eg vil her presentere dei to første hovudelementa, attraksjon og miljø. Eg har brukt Nærøyfjorden, Flåm og verdsarvområdet som døme.

Attraksjonane er nok den viktigaste faktoren, både når det gjeld det totale- og det spesifikke naturbaserte produktet. Det er attraksjonane på destinasjonen som i størst grad påverkar turistane til å reise/ikkje reise til ein bestemt naturbasert destinasjon (Mehmetoglu, 2007) . Verdsarvområdet er ein naturbasert attraksjon i seg sjølv, i tillegg til at turistane kan velje ei rekkje ulike naturbaserte aktivitetar i Flåm, som til dømes kajakkpadling, sykling på Rallarvegen og fotturar langs den gamle postvegen i Nærøyfjorden, i tillegg til ei reise med den spektakulære Flåmsbana (visitflam.no).

Miljøet er ein viktig faktor i det totale produktet. Ein naturbasert destinasjon bør utvikla seg i takt med berekraftige prinsipp. Det vil seie at ein ivaretek miljøet rundt, samstundes som turistane ikkje opplever ein overbefolkning på destinasjonen. Dette er spesielt viktig å tenkja på i eit område som verdsarvområdet. Etter at området blei verna av UNESCO har det blitt eit auka trykk på området, noko som kan føra til slitasje og øydelegging av området. Derfor er det viktig at dei ulike føretaka på destinasjonen gjer det dei kan for å ta vare på området. Til dømes har Fjord Safari ekstra stillegåande motorar med redusert utslepp av miljøforureinande gassar, og dei kompenserar for sine klimautslepp gjennom å vera tilknyta MittKlima (flamguide.no). For dei fleste føretaka i Flåm er det også viktig at lokalbefolkninga blir inkludert, og at ein brukar dei lokale ressursane. Til dømes tilbyr hotella lokal, kortreist mat og drikke, og ein del lokale innbyggjarar er anset i turismebedriftene. 

Presentasjonen av studenttemaet gjekk veldig fint, og eg fekk gode tilbakemeldingar, så det var kjekt! Eg syns at stundenttema er ein god måte for oss studentar til å øve på framføringar i trygge omgjevnader. Vi får god innsikt i stoffet, og det er spennande å høre på kva medstudentane fortel om. Eit av måla er at vi skal bruka pedagogiske verkemiddel, og studenttema er ein gylden moglegheit til å få brukt dette!

Litteratur:
Memethoglu, M  (2007).Naturbasert turisme. Fagbokforlaget. Bergen

Flåm Guide Service (Fjord Safari). Tilgjengeleg frå; http://www.flamguide.no/index.cfm?id=61334 (lasta ned 18.09.2011) 

Visit Flåm; Tilgjengeleg frå; http://www.visitflam.com/default.asp (lasta ned 18.09.2011)



8. september 2011

KLATRING I HALLINGDAL

Måndag 29.august var det klart for vår første tur som B3 studentar. Turen skulle no gå til Hallingdal og Hemsedal. Temaet var klatring og buldring.
To av måla for turen omhandla buldring og buldrehistorie, og det er dette som vil bli presantert i dette innlegget.


BULDRING
Buldring kjem av det engelske ordet "boulder" som betyr stor stein.
Det er ein aktivitet som har sine røter frå tindesporten som oppstod blant overklassen på midten av 1800-talet. Klatring på store kampesteinar utan sikring var meint som øving for fjellklatrarane i dei periodane dei opphaldt seg i byane. Buldring skulle i utgangspunktet ikkje vera kjekkare enn å klatre i fjellet, men etter kvart utvikla det seg til å bli ein subkultur. I byrjinga blei dei som syns buldring var kjekkare enn klatring sett på som litt rare, for å bestiga høge tinder var det som gav status. Den amerikanske klatraren og turnaren John Gill blir gjerne rekna som buldringas far, då buldringa etterkvart blei ein subkultur i 1950- og -60-åra. Buldring vart etterkvart ein ”godkjend” aktivitet, og er i dag blitt ein svært populær aktivitet rundt om i verda. 

Spotting
Buldring er altså klatring på store steinar utan sikring, frå ca.0-7 meter over bakken. Ein brukar gjerne ei buldrematte/crashpad som underlag, og har ein person som spottar/styrer ved eventuelle fall.
Buldring hjelper til med å auke klatreferdigheita, og passar godt for alle ferdigheitsnivå (Tronstad, 2007). 


Litteratur;

Tronstad, S.(2007) Innføring i klatring.Oslo