21. mars 2011

-EIN TOPP TOPPTUR!-

Etter ein halvtime-trekvarters gange frå parkeringsplassen i Vigdalen, kom vi fram til leirområdet. Telta vart slått opp og lunchen innteke. Skydekket sprakk meir og meir opp, og stemninga steig deretter. Klassen vart delt i to, og gruppene fekk tildelt kvart sitt område, der dei skulle lage til ein case for den andre gruppa i høve til kameratredning. Kameratredning er viktig å kunne. Viss ein skulle vera så uheldig å kome ut for eit skred der nokon er tekne, så er kameratredning viktig å ha kunnskap om. Vi gjennomførte fleire rundar med litt ulike cases, men når dagen var omme, så var vi vel ikkje heilt nøgd med eigen innsats.

Måla for turen var;
  • Tileigne seg kunnskap om utstyr og metoder i samband med betra tryggleik i bratt terreng.
  • Knyte til seg erfaring om kameratredning i snøskred.
  • Innføring i vegval og organisering av grupper på tur i bratt terreng.
Derfor fekk vi ein sjanse til neste morgon. Vi vakna til lettskya vær, og først på programmet stod ein siste gong med kameratredning. Alle var ivrige, og ville at denne gongen skulle bli betre enn casane dagen før. Og det vart vel også konklusjonen tilslutt. Vi hadde forbetra oss, sjølv om det framleis er ting vi kunne gjort betre. Dette viser at å øve på slike situasjonar og repetere prosedyrar er svært viktig. 

BUSKREDNOSI NEXT!
Vi spente no skia på oss, og etter å ha teke sender/mottakar-test, så traska vi av garde oppover lia, med Buskrednosi (1505 m.o.h) som mål. Klassen var framleis delt i to, og det gjorde til at det vart ein betre læringseffekt. Vi tok oss god tid oppover og stoppa der det var naturleg å stoppe for å prate om ulike moment. Ein kan gjere mange tiltak, både før turen og undervegs, for å minimera risikoen for å bli teke av skred. Før turen kan ein til dømes ta ein kikk på kartet, finne ulike ruter og sjå på kva og kvar faremomenta ligg. Ein må ta omsyn til kor stor gruppa er og kva dugleikar folk i gruppa har. I tillegg er det viktig å følgja med på vær og værmelding, gjerne over ein lengre periode.
Når ein er ute på tur, må ein heile tida vurdere tilhøva og leggja merke til eventuelle faremoment. Faktorar ein må ta omsyn til når ein skal vurdera ei helling er; terrenget, snødekket, været og mennesket. Ein kan til dømes ta utgangspunkt i sveitsaren Werner Munters 3x3 vurderingsfilter. Der er bygd opp som ein tretrinns vurderingsmodell som leier til ei stadig meir detaljert vurdering. Filteret har tre nivå; turplanleggjing, områdevurdering og enkelthengvurdering. Ein vurderar alle tre nivåa tre gonger, og det gjer ein dermed tre moglegheitar til å oppdage farlege tilhøve og gjev også tre moglegheoter til å velje andre alternativ (Landrø, 2007).

Vinden blas kraftig på toppen, så her vart det ikkje lange stoppen. Det var av med fellene og på med briller og hjelm, før vi sette av garde nedover. Fokuset låg på å finne fine og sikre nedkjøringar, som passa for dei fleste. Snøkvaliteten var varierande, men vi fann hvertfall eit par fine sider med herlig pudder. Vel nede i leiren, pakka vi saman og sette kursen mot parkeringsplassen. Ein nydelig og lærerik tur var over for denne gong! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar