21. mars 2011

-EIN TOPP TOPPTUR!-

Etter ein halvtime-trekvarters gange frå parkeringsplassen i Vigdalen, kom vi fram til leirområdet. Telta vart slått opp og lunchen innteke. Skydekket sprakk meir og meir opp, og stemninga steig deretter. Klassen vart delt i to, og gruppene fekk tildelt kvart sitt område, der dei skulle lage til ein case for den andre gruppa i høve til kameratredning. Kameratredning er viktig å kunne. Viss ein skulle vera så uheldig å kome ut for eit skred der nokon er tekne, så er kameratredning viktig å ha kunnskap om. Vi gjennomførte fleire rundar med litt ulike cases, men når dagen var omme, så var vi vel ikkje heilt nøgd med eigen innsats.

Måla for turen var;
  • Tileigne seg kunnskap om utstyr og metoder i samband med betra tryggleik i bratt terreng.
  • Knyte til seg erfaring om kameratredning i snøskred.
  • Innføring i vegval og organisering av grupper på tur i bratt terreng.
Derfor fekk vi ein sjanse til neste morgon. Vi vakna til lettskya vær, og først på programmet stod ein siste gong med kameratredning. Alle var ivrige, og ville at denne gongen skulle bli betre enn casane dagen før. Og det vart vel også konklusjonen tilslutt. Vi hadde forbetra oss, sjølv om det framleis er ting vi kunne gjort betre. Dette viser at å øve på slike situasjonar og repetere prosedyrar er svært viktig. 

BUSKREDNOSI NEXT!
Vi spente no skia på oss, og etter å ha teke sender/mottakar-test, så traska vi av garde oppover lia, med Buskrednosi (1505 m.o.h) som mål. Klassen var framleis delt i to, og det gjorde til at det vart ein betre læringseffekt. Vi tok oss god tid oppover og stoppa der det var naturleg å stoppe for å prate om ulike moment. Ein kan gjere mange tiltak, både før turen og undervegs, for å minimera risikoen for å bli teke av skred. Før turen kan ein til dømes ta ein kikk på kartet, finne ulike ruter og sjå på kva og kvar faremomenta ligg. Ein må ta omsyn til kor stor gruppa er og kva dugleikar folk i gruppa har. I tillegg er det viktig å følgja med på vær og værmelding, gjerne over ein lengre periode.
Når ein er ute på tur, må ein heile tida vurdere tilhøva og leggja merke til eventuelle faremoment. Faktorar ein må ta omsyn til når ein skal vurdera ei helling er; terrenget, snødekket, været og mennesket. Ein kan til dømes ta utgangspunkt i sveitsaren Werner Munters 3x3 vurderingsfilter. Der er bygd opp som ein tretrinns vurderingsmodell som leier til ei stadig meir detaljert vurdering. Filteret har tre nivå; turplanleggjing, områdevurdering og enkelthengvurdering. Ein vurderar alle tre nivåa tre gonger, og det gjer ein dermed tre moglegheitar til å oppdage farlege tilhøve og gjev også tre moglegheoter til å velje andre alternativ (Landrø, 2007).

Vinden blas kraftig på toppen, så her vart det ikkje lange stoppen. Det var av med fellene og på med briller og hjelm, før vi sette av garde nedover. Fokuset låg på å finne fine og sikre nedkjøringar, som passa for dei fleste. Snøkvaliteten var varierande, men vi fann hvertfall eit par fine sider med herlig pudder. Vel nede i leiren, pakka vi saman og sette kursen mot parkeringsplassen. Ein nydelig og lærerik tur var over for denne gong! 

-SEKS DAGAR I KONG VINTERS RIKE-

Frysing, slit og hat. Det var slik eg såg for meg denne turen. Motivasjonen var på botn, og eg grua meg eigentleg veldig. Hadde mine erfaringar med telt i vinterfjellet, og hadde vel eigentleg kome fram til den konklusjonen om at friluftsliv på vinteren er heilt topp, så lenge ein kan gå inn i ei hytte eller eit hus når kvelden sig på. No var det telt og nødbivuakk som stod på planen. Fire netter i telt, ei i nødbivuakk. Korleis skulle eg koma meg heilskinna gjennom dette?

Siste søndagen i januar starta vi frå Breistølen, vest på Hemsedalsfjellet. No låg fjellet og snøen framfor oss, før vi om seks dagar skulle ankomme Hemsedal sentrum.



Ruta vi skulle tilbakeleggje var; 
Dag 1: Breistølen-Starsjøen, 6 km.
Dag 2: Starsjøen-Øvre Bjordalsvatn, 8 km.
Dag 3: Øvre Bjordalsvatn-Djupsbotn, 12 km.
Dag 4: Djupsbotn-Skarvanstølslåne, 15 km.
Dag 5: Skarvanstølslåne-Storebottjørna, 7,5 km.
Dag 6: Storebottjørna-Hemsedal, 9 km.

Måla for turen var;
  • Ivareta sikkerheit
  • Ha det hyggjeleg
  • Bli trygg på å etablere teltleir og bygging av snøhole på vinteren
  • Bli trygg på orientering med bruk av kart og kompass i vinterfjellet
  • Bli trygg på å bruka kokeapparat vinterstid
  • Trene på vakent vegval i høve til ferdsel på vintersnøen
VAKNE VEGVAL 
Eg vel å byrje bakerst. Det å trene på vegval i høve til ferdsel på vintersnø. Turen skulle vera ein nordisk vinterferd. Det betyr at vi ikkje med vilje skal oppsøke bratte fjellsider brattare enn 30 grader, men heller velje sikre alternativ som å gå rundt og følgje ryggar. I følgje Nils Faarlund, er vakne vegval mottoet for den "norske metode" eller nordisk ferdsel om du vil. Det inneber at ein "går rundt", og altså unngår all flaksnø i lesider med glideflate brattare enn 30 grader når høgdeforskjellen er over fem meter. Sjølv om ein ikkje befinn seg i ei bratt side, er det viktig å hugse på at ein ikkje bør befinne seg i moglege utløpssoner for eit skred. Men om ein  i den norske fjellheimen skal kome seg nokon veg, så blir eit nødt tilå passera moglege utløpssoner. Derfor må ein som vegleiar heile tida undervegs vurdera ulike faktorar knytt til terrenget, snøtilhøva, været og gruppa. Ein må vurdera dei lokale tilhøva og kvart enkelt heng. Om mogleg bør ein alltid befinna seg minimum tre gongar ut i frå høgda på ei fjellside brattare enn 30 grader. Dette fordi at ein tek utgangspunkt i at ein skred ikkje går lenger enn tre gongar hødga på fjellsida (Horgen, 2010).
Under heile turen syns eg det vart teke vakne vegval. Vi stoppa opp og vurderte dei ulike faktorane undervegs, og alle var deltakande i dette.

KART OG KOMPASS I VINTERFJELLET
Dette fekk vi praktisert mykje, både innand i smågruppene og i heile klassen. Været var varierande og gjorde til at vi fekk prøvd oss under mange ulike tilhøve. Alt i frå heilt klart vær med strålande sol, til tåke, vind og whiteout var realitetane som møtte oss. Å gå på kompasskurs i dårleg sikt var noko vi fekk praktisert fleire gongar. Det er ei ganske spesiell oppleving å som førstemann og berre måtte stole på kartet, kompasset og dine eigne avgjersler. I vinterfjellet kan det få svært store konsekvensar om ein kjem ut av kurs eller ikkje lenger veit sånn omtrent kor ein befinn seg, så å hyppig følgje med på kartet og på kursen på kompasset er alfa og omega.

I TELT PÅ VINTEREN
Dette var kanskje det som gjorde at eg kvidde meg til turen. Tanken på å liggje i telt om vinteren var for meg ingen god tanke. Tidlegare erfaringar frå teltliv på vinteren, med dryppande våte teltdukar og trongt om plassen, gjorde til at eg ikkje såg særleg lyst på dette. Det var delvis slik eg hadde forestilt meg, men det vart også nye, positive opplevingar. Det var ganske trongt og teltduken vart våt av kondens, men stemning og den gode kjensla av å liggje nede i den varme soveposen, overskygga ein god del av ubehaget.
Den siste kvelden vi hadde i teltet, vart eg invitert inn i eit av dei andre gruppene sine telt. Dei visste at eg sleit litt med motivasjonen og ville no vise meg korleis ein verkeleg kunne kose seg i teltet om vinteren. Stemninga der inne var for meg magisk. Med tente stearinlys i ytterteltet, kosefyring med brennaren i innerteltet, kortspill og snacks, vart dette ei eintydig positiv oppleving. Eg hadde faktisk ikkje vore så varm i kroppen som eg var då sidan eg forlot huset mitt søndag morgon. Alt var tørt og vi satt der i berre stillongs og trøye. Ei ny verd innanfor teltlivet om vinteren hadde opna seg!

NØDBIVUAKK
Det fins mange ulike formar for nødbivuakkar, men den vi skulle lage denne gongen var ei såkalla kantgrop. Kantgrop passar godt å grave i små skavlar, og er meir effektiv å grava enn ei tradisjonell snøhole. Hola vår vart fin, men litt i trongaste laget. Men det var siste natta og vi var motiverte for å pressa oss saman, så det gjekk bra. Men det som ikkje var fullt så bra var at i løpet av natta så skifta vindretningen litt, og vinden stod rett på opninga. Vi haddde fulgt oppskrifta, med blokker og kuldelås, men likevel føyka snøen inn i hola. Resultatet var at neste morgon vakna vi med eit kvitt lag på soveposane og ein attsnødd inngong. Då var det fleire som syns det var litt greitt at det var siste natta ute... Men eg føler meg no trygg på å grave ei kantgrop, så målet vart nådd! =)


PERSONLEGE TANKAR OG ERFARINGAR
Eg måtte jobba mykje med meg sjølv på førehand. Mentalt. For det var der det låg. Det fysiske var ikkje noko problem, dagsetappane var korte og greie, og å gå på ski det kan eg jo. Eg brukte siste veka av juleferien til å grue meg. Etter første forelesing om turen hadde angsten tatt meg fullstending. Dette ville eg absolutt ikkje. Gjekk og håpa på at nokon plutseleg skulle kome å seie at turen var avlyst. Men det skjedde jo ikkje. Noko måtte gjerast. Etter andre forelesing, der vi gjekk gjennom ruta og planen for dei ulike dagane vart eg rolegare. Og det var då eg bestemte meg for at dette skulle eg klare. Eg gjekk mange rundar med meg sjølv, og tilslutt byrja eg å gle meg til å kome i gang med turen. Etterkvart når eg byrja å finne fram utstyr og pakke sekken, så såg eg faktisk at dette blir kanskje ikkje så ille likevel? Og dessutan, kva er vel seks dagar av eit heilt liv? Ingenting. Nei, no skulle eg vise meg sjølv at dette klarar du.

Eg frys veldig lett. Etter eit par år med friluftsliverfaring har det blitt mykje frysing. Eg har prøvd mykje for å halde varmen. Kle på meg, kle av meg, ull, dun, tørre sokkar, hue, vottar, sjal, varm mat og drikke, gå på do, vera i rørsle, ja det meste. Men alltid endar det opp med iskalde tær, stive pølsefingre og hakking av tenner. Også på denne turen gjorde det det. Men det som hjalp meg veldig denne gongen, var den enormt gode soveposen eg hadde med meg. For første gong vinterstid har eg vakna av at eg har vore for varm og har måtta ta av meg skjorta og stillongsen, slik at det kun var det ull-BHen og trusa att. Tanken på soveposen vart rett og slett ein stor motivasjonsfaktor då eg fraus som mest på dagtid. Ein kan faktisk tåle mykje frysing, så lenge ein veit at på natta då blir det varmt og tørt. Når eg kom meg ned i posen på kvelden, då hadde eg det verkeleg som plomma i egget og livet i kong vinters rike var berre utrulig fint.

Å ha det hyggjeleg var eit av måla for turen. Og det var nådd! For sjølv om innomellom hata max og fraus som berre det, så hadde eg det også veldig hyggjeleg og fint. Teltgruppa mi var det ingenting å klage på og stemninga var som regel veldig god! Eg følte at alle i klassen brydde seg om kvarandre og uansett kvar ein smudde seg så var det eit smil å sjå. Og det er motiverande! Når ein har det litt trått og er sliten og lei, hjelper det veldig mykje med eit smil og eit klapp på skuldra =)

Kjensla eg hadde då vi ankom Hemsedal etter seks dagar ute, var ubeskrivelig. Berre den kjensla av lykke og av stoltheit som eg hadde, var verdt heile turen. Men det var også ein følelse av vemod, og eg må innrømme at det var litt trist at turen var over. No hadde eg verkeleg kome inn i turlivet og kunne nok ha klart eit par dagar til ute. Men samstundes så var eg også veldig klar for ein dusj og for å gå på eit ordentleg toalett, og ikkje minst ete mat som ikkje hadde ein grautaktig konsistens... Så lykkekjensla brusa i heile kroppen! 

Takk for ein herleg tur! =)