3. mai 2011

VÅRYRE DAGAR I HURRUNGANE

Toppturar, sunblock, gnagsår og store smil blei stikkord for tre fantastiske dagar i Hurrungane. Sola skein for det meste frå skyfri himmel og fjellheimen viste seg frå si beste side. Kunne vi fått det betre?! 

Vi etablerte leir i Ringsdalen, eit par kilometer frå Turtagrø, der skulle vi ha basecamp dei neste tre dagane. Den første dagen skulle vi ikkje gå særleg langt, så vi blei delt i tre ulike grupper og skulle gjennom tre ulike postar. Den eine posten var ein GPS-post. Der skulle vi velje tre punkt på kartet og plotte kartreferansen inn på GPSen. Deretter skulle vi gå til punkta, og stoppe når vi trudde vi var på punktet. Då kunne vi ta opp GPSen og sjekke "fasit". Poenget med dette var at vi skulle læra oss å vera så nøyaktig som mogleg og klare å lese kartet ut i frå terrenget.
Neste post på progammet var redning på snødekt bre. Der var det å hente fram att kunnskapen frå brekurset i haust. Redning på snødekt bre foregår på nesten same måte som på blåis, berre at ein brukar ikkje isskurar, men snøanker, isøks eller ski som forankring. I tillegg må ein passe på å leggje til dømes ein sekk, under tauet, slik at det ikkje grev seg ned i snøleppa.
Siste post handla om snøbakketeknikk, altså om korleis ein forflyttar seg utan ski i bratte, snøkledde heng. Dette var den kjekkaste posten, for då fekk vi lov til å skli nedover bakkane, for så å prøve å stoppe ved hjelp av isøksa.

Neste dag var vi alle klare til avgang kl. 08.00. Kvelden før hadde vi delt oss inn i tre homogene grupper. Ei gruppe for dei mest ivrige og erfarne, ei for dei som var sånn midt i mellom og ei for dei som hadde litt småskadar eller var litt sjuke. Eg var på den siste gruppa, då eg i løpet av påsken hadde opparbeida meg ganske heftige gnagsår på begge beina. I tillegg skal det kanskje seiast eg har ganske høgdeskrekk, og etter å ha vore på Store Ringstind i fjor vår, noko som eg syns var ei heilt fantastisk, men luftig oppleving, var eg ikkje så veldig gira på å gå opp att der, så den gruppa passa meg svært bra! =) Gruppa tok det roleg oppover, og eg lærte meg etterkvart at det å gå sakte, er ein kunst som må lærast... Etter å ha gått inn i enden av Ringsdalen, var det på med stegjern for å kome seg vidare. Det var luftig nok for meg, og eg var glad då vi var kome opp. Målet for turen blei til slutt Ringsskaret. Derifrå fekk vi litt fin og slak skikøyring ned att, før vi skulle ned i bratthenget. Eg var ikkje særleg høg i hatten då eg stod på kanten og skulle forsere eit islagt parti, men etter å ha fått litt motivasjon frå Lena og stålsett meg litt, så bar det utfor... Digg å få da overstått!!

Siste dag skulle vi forflytta oss litt lenger opp på Sognefjellet. Kl. 08.00 hadde vi rydda leir og var på veg ned att til bilane. Vi køyrde opp til bommen på Sognefjellsvegen, parkerte der og sette kursen mot Steindalsnosi (2025 moh). Denne dagen var vi delt inn i heterogene grupper. Dette fungerte veldig bra, og alle kom seg til topps. På toppen stråla både sola og smila til alle saman, då vi i over 2000 meters høgd, kunne sitje i både bikini og bar overkropp, så ingenting å sei på stemninga då gitt! =D Nedkøyringa var eit fanatastisk avslutning på tre herlige dagar i Hurrungane!!

HOMOGENE OG HETEROGENE GRUPPER
Det at klassen var delt i både homo- og heterogene grupper, var veldig lærerikt. Vi fekk erfart korleis det er å vera i ulike grupper, og alle var tilfredse med at dei fekk valmoglegeheitar den første dagen. Den dagen det var heterogene grupper, lærte vi at det er viktig med eit jamt og roleg tempo, om alle skal henge med. Det er betre å gå litt saktar og ha færre pausar, enn å peise på og heile tida måtte stoppe opp. Og det vi som vegleiarar for det meste vil kome borti er jo homogene grupper, der individuelle ulikheitar må takast omsyn til. Begge dagane fekk alle prøvd seg på å vera leiarar. Det var lærerikt, og vi fekk meir erfaring med å ta vegval både i høve til opp- og nedturen. Dei fleste av oss fekk også erfaring med to ulike vegleiarar, og det er interessant å sjå kor forskjellig dei ulike vegleiarane arbeidar.
På turen fekk vi erfaring med ferdsel i vårsnø. Snøen er då gjennomfukta og frys til om natta. Ein må då tenkje på når på dagen ein kan ferdast tryggast og kjekkast på dei solpåvirka sidene.

INDUKTIV OG DEDUKTIV LÆRING
Den første dagen, fekk gruppa eg var på, erfare både induktiv og deduktiv læring. Som vegleiar må ein tenkja gjennom når ein ønskjer å nytte dei ulike metodane. I nokon situsjonar, til dømes om ein skal læra korleis ein brukar isøksa i eit bratt heng, så kan deduktiv metode vera det beste. Då viser vegleiar heilt konkret korleis det skal utførast, og så gjer elevane det same. I andre situsjonar kan ein la elevane prøva seg og rettleie dei undervegs, då blir det ein meir induktiv metode ein brukar.