15. april 2011

JENTETUR - EIGENFERD

Etter å ha tileigna seg friluftslivskunnskapar i omlag eit og eit halv semester, var no tida komen for å dra ut på tur aleine utan lærarar. Vi fekk velje gruppene og planleggje turen heilt sjølv. Kriteria lærarane hadde sett var at det skulle vera nordisk vinterferd, altså ein ein tur med fjellski i terreng som ikkje var brattare enn 30 grader. 

Mi gruppe, beståande av Line, Elise og meg sjølv, valde ei rute frå Sogndal til Veitastrond i Luster. Ikkje ein særleg lang tur, når ein tenkjer på at vi hadde fem dagar til rådigheit, men ein kosetur i nærområdet. Turen innebar at vi ikkje trong å reise for å kome til startstaden, då vi byrja ferden i Sogndal. Det var litt artig å kunne ta på seg den tunge sekken rett utanfor sitt eige hus, for så å traske avgarde. 

Værmeldingane for den veka vi skulle vera ute var ikkje særleg lystige. Snø, regn og vind prega meldingane, og på grunn av dette vart ikkje ruta heilt som først planlagd. Vi gjorde om på planane og målet for turen vart ved Hafslovatnet istadenfor ved Veitastrond. 


Dag 1, Sogndal-Nuken: Vi byrja å gå frå Sogndal og oppover mot Åberget. Skia vart festa på sekken, og regnet piska oss i ansiktet allereie etter fem minutt. Dette såg jammen meg lystig ut! Men værgudane klarte tydelegvis ikkje å bestemme seg denne dagen, for når vi åt lunch ved Hølsete, skein sola som ei gul appelsin på himmelen. Etter ein lengre lunch, kunne vi endeleg ta på oss skia, og vi traska oppover mot Nuken. I det vi fann ein eigna leirplass litt under Nuken, slo været om, og det snødde tett heile kvelden. 
Eigentleg skulle vi laga bål, men på grunn av snøværet droppa vi det, og laga istede eit gourmetmåltid på primusen. 

Dag 2, Nuken-Navarsete: Omlag kl. 10 var vi klare til avgong. Dette blei turens lengste etappe. Været holdt seg rimeleg bra, sett bort i frå eit par snø/regnbyger innimellom. Terrenget i desse fjella er svært kupperte, og det blei mykje knoting fram og tilbake, på grunn av skrentar og dropp som ikkje var avmerka på kartet. Det hadde snødd ein god del om natta, og vi bytta ofte på å brøyte spor, då dette var ganske tungt. Etter 7,5 timar, kom vi fram til Navarsete. Planen var eigentleg å gå til Grøssete, men vi følte at vi var litt slitne og sultne, så då blei det heller Navarsete som vart leirplass for natta. 

Dag 3, Navarsete-Grøssete: Denne dagen hadde vi planar om å byggje flatmarksgrop, så derfor blei det ikkje ei særleg lang etappe. Været var dårleg, og vi blei liggande ei stund i teltet på morgonen, for berre å ta livet med ro. Då vi kom bort til Grøssete åt vi lunch, før vi tok til med flatmarksgropa. Det var kjekt å grave, og vi hadde mykje gøy med synging og tralling mens vi held på. Til og med sola viste seg med jamne mellomrom, så det var ingenting å seie på humøret. 
På ettermiddagen/kvelden byrja det å blåse opp, og på grunn av været, mykje vått utstyr og at snøkvaliteten var for dårleg til at vi ville overnatte i flatmarksgropa, så bestemte vi oss for at det var mest forsvarleg å ta inn på turisthytta som ligg på Grøssete. Så etter flatmarksgopa var ferdig flytta vi inn der. Vi fyrte i omnen, hang klede og utstyr til tørk og koste oss med god mat. Vi laga appelsinmuffins, ved at vi delte ei appelsin i to, gravde ut kjøtet og fylte muffinsrøre oppi. Appelsinene pakka vi inn i aluminiumsfolie og la dei inne i omnen. Enkelte av oss var også svært glad i berre muffinsrøre, så det vart inga problem med å ete opp hvertfall...MmmM! 

Dag 4, Grøssete-Turrli: Etter ei god natts søvn på hytta, var vi no klare for å traske vidare. Eigentleg hadde vi tenkt å ta ei rute som gjekk høgare oppe på fjellet, men på grunn av sterk vind, snø og dårleg sikt, bestemte vi oss for å legge ruta lenger nede i terrenget. Turen gjekk då tilbake der vi kom frå, altså via Navarsete og Spe, og ned til Turrli. Det hadde snødd kraftig på natta og snøen var tung å brøyte i. Det klabba under fellene, så det var ekstra tungt å gå. Då vi kom til Turrli snødde det tett, og vi bestemte oss for å finne ein leirplass lenger nede i skogen. Turen gjennom den tette skogen, vart ein våt fornøyelse. Snøværet gjekk over til regn, og då vi fann ein eigna leirplass, var vi alle kliss våte heilt inn til skinnet. Så etter å ha etablert leir, var det deilig å få av seg dei våte kleda, krype ned i soveposen og innta middagen der. Det vart ein lang, men triveleg kveld, med kortspill, endå meir boybandsynging og generelt jentesnakk. 

Dag 5, Turrli-Hafslovatnet: Dette vart ei kort etappe, der vi fulgte ein skogsveg ut til riksvegen, der vi vart plukka opp og kjørt tilbake til Sogndal. 

Eg syns at dette var ein utruleg kjekk tur! Det var herleg å ha den fridommen til å bestemme heilt sjølv, og det var veldig fint å ikkje ha det "presset" på seg som eg ofte føler ein har når ein er på tur med heile klassen. Fokuset vårt var på å ha det kjekt og koseleg, og det hadde vi absolutt. Vi tok det roleg og tok det litt sånn dag for dag. Eg følte eg har lært meir av ein slik tur, enn av ein "vanleg" tur med klassen, for no fekk ein verkeleg prøvd seg fram på alle område. Været var så som så, men det er ein faktor ein aldri kan gjere noko med, så istadenfor å sjå det negative, så såg vi på det som positivt at vi fekk prøvd oss under ulike tilhøve. Trur vi hadde det meste som går an å ha av vær; regn, sludd, snø, skodde, klart vær, vind, vindstille og litt sol =) 
Opprinneleg rute = rosa
Slik turen blei = svart