26. august 2010

-SOSIAL HYGGETUR BÅDE TIL LANDS OG TIL VANNS-

Onsdag 18.08.2010 var det klart for at B2 friluftsliv skulle på sin første tur saman. Turen skulle foregå både til lands og til vanns, med ulike basisferdigheiter i friluftsliv, kanopadling, og ikkje minst sosial hygge, som hovudtema.
Turen starta i Amlabukta ved Kaupanger, med kurs for Holm litt lenger ute i den mektige Sognefjorden. Litt sikk-sakk-padling i byrjnga av ferden, men ettekvart som ulike padletak som j-tak og sveiptak vart innøvd, blei kursen stødigare og stødigare. Sjekk ut denne sida frå Aktiv Fritid (26.10.10) for meir fakta om kanopadling og padletak.
På Holm var det tid for å slå leir, og boligane vår dei neste var dagane skulle vera gapahukar. Gapahukar i ulike formar og storleikar vart sett opp, og det mangla ikkje på byggjeinnsats. 

Kanopadling var eit av tema for turen, og under dette temaet var ikkje berre det å lære ulike padletak, men også kameratredning stod på programet. Ein guffen vind blas innover mot land, bølgjene skvulpa hardt mot land, og ein del skepsis låg over oss før vi ein etter ein datt i vatnet. Men etter ein liten "svømmetur" var tonen ein litt annan, kanskje ikkje akkuart sydhavstemperatur i vatnet, men ikkje så aller verst lell! =)Sjå forøvrig denne linken frå Norges Padleforbund for meir innføring i kanopadling og kameratredning: Råd og tips til kajakk- og kanopadlere (27.10.10).

Eit anna tema for turen var som nemd, basisferdigheitar i friluftsliv. Bålfyring er vel kanskje eit av dei mest basic og karakteristiske ferdigheitane for friluftsliv. Og eit bål er ikkje berre eit bål. Det fins nemleg mange ulike båltypar, og eit bål kan variera både i oppbygnad og materiale. Pagodebål, pyramidebål og stjernebål var berre nokre av båltypane vi fekk demostrert. For at eit bål skal brenna, er det spesielt viktig med god opptenningsved, og på Holm mangla det ikkje på det. Tørre kvistar og drivved la grunnlaget for fleire skikkelege leirbål, og det vart ein høg bålkosfaktor!

Også ein aldri så liten tur til fjells vart det tid til. Frå Holm padla vi utover fjorden Tingastad, før vi plasserte kanoane trygt på land, og traska oppover lia. Målet for turen var garden Haukåsen, på folkemunne kalla "Farmen", ettersom "Farmen" vart spela inn der for nokre år tilbake. Vel oppe var det tid for ein lang lunchpause, før det var tid for å refleksjon over kva erfaringar kvar enkelt i klassen har og kva forventningar vi har til studiet. I klassen så har vi ganske varierte og forskjellige erfaringar. Men vi kom fram til at felles for oss alle er at vi har ei stor glede av å vera ute i naturen, vera i aktivitet utandørs, og vi ønskjer å dele erfaringane våre med resten av klassen, utfordre oss sjølv slik at vi blir betre på det vi allerede har ein viss kjennskap til, samstundes som vi ønskjer å lære nye og spennande ting! 

Det å bli kjend med kvarandre og sosial hygge var kanskje det viktigaste formålet med turen. Bålkos, god mat, volleyball, ulike leikar og ein adjektivforteljing, kombinert med nydeleg vestlandsnatur, samt eit varmt og fint vêr, la grunnlaget for det som ser ut til å bli eit knall år for studentane ved B2 Friluftsliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane =)
Takk for turen!
Ruta vi padla (grøn) og gjekk (lilla).